Sist endret: 16.01.2018

Inspirasjonsforedrag for alle tilsette

Treng du litt inspirasjon i kvardagen? Sett av ettermiddagen tysdag 6.mars til "Endeleg måndag", eit foredrag med ein foredragshaldar som er kjend for å skape begeistring! Kvelden startar med varm mat kl 16.30 i Samlingsrommet på barneskulen - Fagforbundet og Utdanningsforbundet spanderer. Foredraget startar kl 17.30.

Karin F. Larsen er ein profilert foredragshaldar og inspirator, som er kjend for å skape begeistring. Ho har vunne fleire prisar, blitt kåra til årets foredragshaldar og årets inspirator. Ho har vore gjest hos Fredrik Skavlan, på Frukost-TV osb.

Vi håpar du har lyst til å delta på ein inspirerande kveld med latter og ny innsikt – formidla rundt eit viktig tema - saman med andre kollegaer!

Arrangementet er støtta av NAV arbeidslivssenter i Telemark og gjev alle tilsette gratis inngang.

Ta med deg kollegaene dine og møt fram! Påmelding avdelingsvis til post@seljord.kommune.no innan 1.mars.

Du kan lese heile invitasjonen her