Sist endret: 30.01.2018

Praksis rundt velferdspermisjonar

Det er behov for ei presisering og ein lik praksis frå og med 01.02.2018:

Når ein tilsett søkar om permisjon for å fylgje eit familiemedlem over 12 år til sjukehus eller liknande, får vedkomande permisjon utan løn. Ein kan eventuelt heller nytte avspaseringstimar eller feriedag til dette.
Permisjon med løn blir det berre når det er snakk om alvorleg/terminal fase av sjukdom, jamfør permisjonsreglementet i HTA.

Vi skal altså framleis leggje til rette for at tilsette får permisjon til å fylgje dei dei er pårørande til, men det skal ikkje vere kommunens kostnad.

Det er viktig at dette kjem ut til alle tilsette så raskt som råd, og at vi ser til å praktisere likt etter dette! Vi held på med revidering av personalpolitiske retningsliner og vil sørgje for å få dette presisert der.

Ein kan eventuelt nytte avspaseringstimar eller feriedag til dette.

Permisjon med løn blir det berre når det er snakk om alvorleg/terminal fase av sjukdom, jamfør permisjonsreglementet i HTA. Kommunen skal framleis leggje til rette for at tilsette får permisjon til å fylgje dei dei er pårørande til, men det skal ikkje vere på kommunens kostnad.

Det er viktig at dette kjem ut til alle tilsette så raskt som råd, og at vi praktiserer dette likt!

Kommunen er i gang med revidering av personalpolitiske retningsliner og vil sørgje for å få dette presisert der.

Helsing Ingeborg, organisasjons- og personalsjef