Sist endret: 29.05.2018

Til avdelingsleiarar. Informasjon om avvikling av ferie 2018

FERIELISTER - AVVIKLING AV SOMMARFERIE 2018

Rettar og plikter etter ferielova.
Alle tilsette har både rett på og plikt til å ta ut 5 veker ferie kvart år, 6 veker for dei over 60 år. Arbeidsgjevar har plikt til å sjå til at arbeidstakarane får full ferie kvart år, og ikkje har ferie til gode når året er omme. Om de har tilsette som har overført ferie frå i fjor må ein legge ein plan for at også denne ferien avviklas. Overføring av ferie frå eit ferieår til eit anna, er eit unntak, ikkje ein regel.

Arbeidstakar har rett på å få 3 veker samanhengande i hovudferieperioden, som strekk seg frå 1.6. til 30.9 kvart år. Arbeidstakarar som tiltrer seinare enn 30.9, er sikra rett til 1 vekes ferie. Arbeidstakar som tiltrer før denne datoen har rett på full ferie.

Ferietrekk blir gjort på juniløn og gjeld årets ferie. Feriepengar blir utbetalt same månad og baserer seg på det ein har opptent i løpet av føregåande arbeidsår.  

Endringar:

Dersom de alt no veit at ein tilsett skal endre stillingsstorleik seinare dette året, er det veldig viktig å ta høgde for dette alt no, slik at justeringar blir gjort i ferietrekket som blir køyrd på juniløna. Tilsette som endrar stillingsstorleik etter at ferietrekket i junimånad er gjort, må få trekket sitt justert i etterkant i høve til talet på feriedagar som ein har til gode og til ny stillingsprosent. Det kan bety at vedkomande må bli trekt i løn.

Avdelingsleiar må ha oversikt over talet på feireveker som dei tilsette har avvikla og kor mange veker dei har til gode eller skuldar, slik at personalavdelinga får ein rett oversikt når endringa blir gjort. Om ein har tilsette som kjem rett frå utdanningsinstitusjon og startar i sin fyrste jobb, kan vedkomande ha rett på redusert fereitrekk, på bakgrunn  av manglande feriepengegrunnlag. Alle andre skal trekke for 5, eventuelt 6 veker ferie.  

Når det gjeld tilsette som sluttar i stillinga si i løpet av fyrste halvår og innan utgangen av  junimånad, treng vi å få ein oversikt over ferieveker som er avvikla, slik at sluttoppgjeret blir rett. Ein må finne ei rimeleg løysing for talet på ferieveker som skal avviklas i slike tilfelle, t.d. 2 til 3 veker ved tilsetting halve året.    

Ferie og sjukdom:

Ein skal som ein hovudregel avvikle ferie i sjukemeldingsperioden så sant det ikkje er vektige grunnar til at det ikkje går, til dømes at ein ligg på sjukehus eller av annan grunn er forhindra frå å ha noko utbytte av ferien.

Det er svært viktig at den sjukemeldte fyller ut datoar for avtalt ferie i eigenerklæringa i del D på sjukemeldinga, slik at arbeidsgjevar ikkje krev refusjon frå NAV for denne perioden.  Ein må og gje opplysningar dersom ein skal til utlandet. Den tilsette er i utgangspunktet sjukemeldt frå arbeidsoppgåvene sine, ikkje frå å ha ferie. Det er sjukemeldande lege som tek stilling til om den sjukemelde er i stand til å avvikle ferie eller ei. Dette skal bli tematisert i konsultasjonen hos lege, eller ein må sjekke det opp i etterkant dersom ein er i tvil. Det er berre sjukemelding i 100 % som kan gje rett til erstatningsferie.  

Sjukdom i ferien:

Ein tilsett som blir 100 % sjukemeldt i ferien kan søke om erstatning av tapt ferie frå fyrste sjukedag og fremje krav om erstatning av ferien umiddelbart etter at han/ho er tilbake i jobb. Dette må vere dokumentert med legeerklæring, jamfør Ferieloven § 9-1, andre ledd.  

Sjukemeldt før og inn i planlagt ferie:

Arbeidstakar som blir heilt arbeidsufør før ferien og inn i planlagt ferie, kan krevje at ferien blir utsett til seinare i ferieåret, dersom sjukemeldande lege meiner at arbeidstakaren ikkje vil ha utbytte av ferien. Kravet må bli dokumentert med legeerklæring og bli sett fram seinast siste arbeidsdag vedkommande arbeidstakar skulle hatt før ferien, jamfør Ferieloven § 9-1.

Praktisk:

Det ligg ute ferielister for 2018 på fellesområdet under Seljord kommune, som alle skal bruke. Ferielista som ligg ute er kopi av lista frå i fjor - stryk dei som ikkje er tilsette lenger og putt inn nye tilsette og den ferien dei skal ha i sommar.  

Avdelingsleiarane har ansvar for å sjå til at foreslått ferieavvikling er forsvarleg i høve til verksemdas drift. Ferielista må vere klar seinast to månader før ferien tek til.   Om du lurar på noko om ferie, er du velkommen til å ta kontakt med personalavdelinga!    

Med venleg helsing Ingeborg Nenseter Jensen, Organisasjons- og  personalsjef