Sist endret: 14.06.2018

Avviksmeldesystem

Seljord kommune har tinga eit elektronisk avviksmeldesystem gjennom Kommuneforlaget. Alle tilsette har fått tilgang til dette, og vi byrjar å få inn nokre avviksmeldingar. AMU vil berre orientere om at systemet enno er i testfasen, og vi har enno ikkje fått på plass alle rutinar som ligg i systemet. Det er tekniske ting som gjer at vi ikkje kan take det fullt ut i bruk, men Aspit og Kommuneforlaget jobbar med det.

Meldingane som er komne inn er ikkje borte, det ser ut som alle avviksmeldingar ligg inne. Inntil vidare ber vi alle som ynskjer å melde avvik, om at dei melder i systemet, men tek ei utskrift og sender kopi til hovudverneombodet.