Sist endret: 26.06.2018

Kommunestyret vedtok endringsforslaget

Seljord kommunestyre vedtok den 14.juni 2018 i sak 43/18 samrøystes endringsforslaget som blei lagt fram. Vi går no frå 25 avdelingar til 7 einingar og 3 avdelingar, der einingsleiarane får auka mynde og ansvar i motsetning til kva avdelingsleiarane har i dag.

Vi held fram med eit mål om å starte opp ny organisering 1. oktober 2018.

PO2 - Skule og oppvekst har ei litt annleis tidsline, slik det kjem fram i dokumentet Forslag til omorganisering i Seljord kommune 2018. Du kan lese heile dokumentet Informasjonsnotat 7 på sidene Organisasjonsutvikling i Seljord kommune

Der finn du og informasjon om heile prosessen. Det siste vi har lagt ut er eit dokument om alternative løysingar i overgangen frå avdelingar til einingar. Dokumentet er drøfta og godkjend av dei tillitsvalde 21.06.18.