Sist endret: 22.10.2018Kontaktperson: Ingeborg Nenseter Jensen

Reviderte rutinar i samband med løn og tilsettingar

Frå og med dags dato ber vi om at alle avdelingsleiarar og einingsleiarar i Seljord kommune sørgjer for fylgjande når de skal melde inn ein tilsett til løn:

For å kunne utbetale løn må det liggje ei signert arbeidsavtale med den tilsette i botn

Tilkallingsvikarar på rammeavtale må bli bruka jamleg for at vedkomande kan stå registert i lønssystemet vårt over tid, elles må det bli lagt inn ein stopp på vedkomande og ev. starta opp att når vikarbruken startar opp att

Meld frå skriftleg på rett skjema om alle endringar, som:

  • Ny stillingsprosent
  • Ny løn
  • Endra dato for mellombelsavtale
  • Permisjonar
  • Etc.

For å kunne utbetale løn treng vi i tillegg informasjon om:

  • Fullt namn
  • Adresse 
  • Politiattest dersom det kravs for stillinga
  • Attestert dokumentasjon på all relevant arbeidserfaring
  • Attestert dokumentasjon på utdanning som er relevant for stillinga
  • Stilling, stillingskode, stillingsnemning, yrkeskode, utdanningskode
  • Personnummer
  • Kontonummer til banken
  • e-postadresse

Løns- og personalavdelinga har laga eit skriv med fleire detaljar om fristar o.l. Du finn heile skrivet om reviderte rutinar om løn og tilsettingar her.