Sist endret: 02.01.2019Kontaktperson: Finn-Arild Bystrøm

Reduksjon av årsverk - informasjon frå rådmannen

Det er nytt år og eg håpar alle har fått lada batteria i fridagane. No får vi bretta opp erma og gyve laus på nye utfordringar. Som de veit, vedtok Kommunestyret den 13.12.18 i sak 83/18 at vi skal redusere talet på årsverk med 15 i økonomiplanperioden 2019-2022. Årsaka til vedtaket er at vi har for høgt driftsnivå i forhold til inntektene våre. Vi brukar meir pengar enn det vi får inn.
Vi kjem til å bruke intranettet til å leggje ut informasjon.

Som i endringsprosessen i 2018 kan alle og ein kvar fylgje med på relevante dokument via denne lenka til Sharepoint

Fyrste milepæl i prosessen er drøftingar med dei tillitsvalde 22. januar 2019.

Agenda for drøftingane er :       

  • Prosessdokumentet som vil vere førande for korleis vi styrer denne prosessen
  • Tidsline for gjennomføring

Alle har tilgang til desse dokumenta via lenka over.

Med helsing

Finn-Arild Bystrøm

Rådmann Seljord kommune

Mob: 92832914