Sist endret: 21.01.2019

Kurs i nynorsk

8.-9. januar 2019 arrangerte Seljord kommune eit kurs i nynorsk saksbehandling for saksbehandlarar og avdelingsleiarar. LNK, Landsamanslutning for nynorskkommunar, stod for kurset, og kurshaldar var Mathias Øvsteng. Vi fekk med oss mange gode tips og nyttige hjelpemiddel, og det blei mange interessante samtaler om god språkbruk.

Vi legg ut kursmanuset på sida Språkbruk i Seljord. vi har og lagt ut lenke til informasjon om ei ordliste som du kan laste ned som ein app; Ordbøkene. den er laga av UiB, Universitetet i Bergen, og Språkrådet. Veldig enkelt når du har den på mobilen.

På sakslistaSeljord kommune