Sist endret: 27.02.2019

Ny epostadresse til personalavdelinga

Frå og med no ber vi dykk om å sende alle spørsmål som gjeld områda løn, fråvær, refusjon, personal til vår felles postkasse med mailadresse personal@seljord.kommune.no . Vi har oppretta denne mailadressa for å sikre at all e-post kjem fram til avdelinga vår, sikre at desse blir svara på og for å fordele oppgåvene mellom oss best mogleg. Vi jobbar med å opparbeide overlappande kunnskap på kvarandre sine tidlegare meir isolerte fagområde.

Dette inneber at de ikkje lenger skal bruke våre personlege mailadresser når det gjeld spørsmål og saker som skal bli handsama av ein eller fleire ved personalavdelinga. 

Sensitive spørsmål eller saker som de meiner bør bli retta direkte til ein av oss, kan de framleis sende til våre personlege mailadresser. 

personal@seljord.kommune.no

På vegne av Gøril, Carine, Jeanette og Ingeborg J 

Med vennleg helsing
Ingeborg Nenseter Jensen
Organisasjons- og personalsjef