Sist endret: 26.08.2019

LNK-medlemsskap - fordelar

Seljord kommune er medlem i LNK, Landssamanslutninga av nynorskkommunar: Det gir oss som tilsette i kommunen nokre fordelar, m.a. billig hotellovernatting på Bondeheimen, og rabatt på Det norske teateret.

Når det gjeld overnattingar på Bondeheimen har ikkje LNK lenger trykte kort, men det einaste du treng å gjere er å seie frå om (dersom du tingar på tlf.) eller skrive (om du tingar på nett) at du skal bu på LNK-avtalen eller ha LNK-pris. Du har då rett på den lågaste prisen du kan finne på nett, eller minimum 40% rabatt.

Avtalen kan brukast av politikarar og tilsette i jobb- eller fritidssamanheng.