Sist endret: 15.11.2017

Retningsliner for AMU

Arbeidsmiljøutvalet i Seljord kommune er etablert i høve til § 23 i Arbeidsmiljølova.
Utvalet skal virke til gjennomføring av eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Arbeidsgjevar og arbeidstakar skal vera likt representera i utvalet. Leiar for utvalet skal veljast vekselvis mellom representantane frå arbeidsgjevar og arbeidstakar.
Bedriftshelsetenesta møter som rådgjevande medlem utan røysterett.

Arbeidsmiljøutvalet er eit samarbeidsorgan.

Det skal overvake kommunen sitt HMS-arbeid. Utvalet skal vera til hjelp og støtte for arbeidsgjevar, men ikkje overta noko av det ansvar arbeidsgjevar har for arbeidsmiljøet og sikkerheten.  

Arbeidsmiljøutvalet kan, dersom det finn det påkrevd, for å verne liv og helse til arbeidstakarane, vedta at arbeidsgjevar skal utføre målingar eller gjennomføre konkrete tiltak til betring av arbeidsmiljøet.

Det skal setjast tidsfrist for gjennomføring av vedtaket.  

Ved likt røystetall, har leiaren dobbeltstemme.  

Det skal førast protokoll frå møta i Arbeidsmiljøutvalet.

Utvalet skal årleg gje rapport til formannskapet og tilsynsmyndighetane.  

Arbeidsmiljøutvalet/kommunestyret har oppretta fylgjande utval:  Attføringsutval, Byggjeutval, AKAN-kontakt