Sist endret: 29.06.2016

Avvik

Informasjon om rutinar og hjelpemiddel for melding av avvik

Føremål med registrering av avvik:

Å sikre at mangel på oppfylging av offentlege krav vert dokumentert og tiltak sett i verk. Referanse: Internkontrollforskrifta.  

Definisjon, avvik:  
Når eit forhold ikkje er i samsvar med, eller det er brot med lovar, forskrifter eller interne reglar, blir det å sjå som eit avvik.  

Ansvarleg:  
Alle tilsette har ansvar for å rapportere avvik. Avdelingsleiarane har ansvar for handsaming av avviksmeldinga.  

Framgangsmåte:  
Avviket skal snarast råd bli rapportert til overordna. Skjema for avviksmelding skal fyllast ut, kopi skal sendast AMU ved Rådmann og hovudverneombod.  

Når eit avvik, feil eller mangel er avdekt, skal det rettast opp, og årsaka til avviket skal fjernast slik at liknande avvik, feil eller manglar blir unngått.  

Avdelingsleiar drøftar tiltak med verneombod. Om tiltak ikkje er innanfor avdelinga sitt ansvarsområde, skal rådmann og AMU handsame avviket.  Avdelingsleiar er ansvarleg for at nødvendige tiltak vert sett i verk.