Sist endret: 07.02.2017

Fysisk arbeidsmiljø

MÅL :
Førebygge og redusere belastningslidingar på muskel og skjelett som følge av fysisk belastande arbeid.

Definisjon på fysisk belastande arbeid:

Fysisk belastande arbeid er ein eller fleire arbeidsoperasjonar som kvar for seg eller samla kan overbelaste muskel-og skjelettsystemet og gje helseskade hos arbeidstakarar”

Konsekvensar:

  • muskel- og seinlidingar både i hofter, kne, skuldrar osb.
  • leddslitasje i rygg, hofter, kne, skuldrar osb.
  • uspesifikke ryggplager (t.d. lumbago/andre blautdelsskadar)
  • prolaps


Organisering av arbeidet:

  • Variera arbeidsoppgåver motverkar muskel- og skjelettlidingar
  • jobbrotasjon i den grad det er mogleg
  • tid til nødvendig kvile og restitusjon ved belastande arbeid der variasjon ikkje er mogleg.


Tilrettelegging av arbeidsplassen:

  • Arbeidsstillingar må varierast for å forebygge helseskade
  • bytt på å stelle/flytte dei tyngste brukarane
  • Unngå tunge løft:
    - be om hjelp
    - bruk tekniske hjelpemiddel
    - bruk forflytningsteknikk

Tekniske hjelpemiddel:

  • Tekniske hjelpemiddel skal vere tilgjengeleg ved behov, og arbeidsplassen skal vere utforma slik at utstyret kan brukast effektivt

Tekniske hjelpemiddel i helsesektoren:

  • Somatisk avdeling og avdeling for demente har fylgjande hjelpemiddel:
    - Sara personlyftar
    - Encore personlyftar
    - Molift personlyftar
    - Humancare takmontera personlyftar
    - Personlyftar m/ segl
    - Dreieskive
    - Elektriske senger
    - Høgde- og hjartebrettregulerbare senger
    - Lyftekladd m/hemper
    - Elektrisk badeheis m/sklimatte
    - Elektrisk dusjstol
  • Heimetenesta :
    - Kommunal fysioterapeut vurderar behov for hjelpemiddel saman med brukar og/eller i samarbeid med heimesjukepleia
    - Heimetenesta har eige kommunalt lager av hjelpemiddel til utlån, som er kortvarige

Opplæring i forflyttingsteknikk:

  • Syner til intern opplæring i forflytningsteknikk (sjå merknader)
  • Leiar for verksemda er ansvarleg for at det blir tilrettelagt for opplæring i forflytningsteknikk

Prinsipp ved forflyttingsteknikk:

  • Redusere friksjon
  • Bruke skråplan
  • Bruke kile
  • Bruke vektstongprinsippet
  • Bruke hjul
  • Tekniske hjelpemiddel ved behov
  • Tak utgangspunkt i dei fysiske lovene; tyngdelova, balansen og det naturlege rørslemønsteret.
Vond nakke og rygg