Omstillingar
Her finn du informasjon om prinsipp og rutinar ved ulike formar for omstilling.
Endrings- og omstillingsprosessar kan ha både positive og negative effektar for verksemder og arbeidstakarar, både med omsyn til produktivitet, arbeidsinnhald, trivsel og helse.
Positive effektar av omstilling kan vere:
- læring og personleg utvikling
- meir variert og interessant arbeid
- auka ansvar, påverknad og sjølvstyring
- å sikre framtidige arbeidsmoglegheiter
Negative effektar av omstilling kan vere:
- utryggleik og frykt for å miste jobben
- at ein ikkje har nødvendig kunnskap til nye arbeidsoppgåver
- at ein ikkje får nødvendig opplæring
- at ein ikkje kan stole på det som blir sagt
- å miste det gode arbeidsmiljøet
Om omstilling blir opplevd som ei belastning eller ei moglegheit av den einskilde, er avhengig av faktorar som sjølvstyring, medverknad og fagleg utvikling. Utan å ta omsyn til desse faktorane som gir grunnlag for meistring, kan omstilling gje stressreaksjonar og sjukdom.
Det er difor viktig å vere tydeleg på årsakene til omstilling og kva måla med omstillinga er.
Å gje informasjon så tidleg som mogleg og regelmessig gjennom heile prosessen er avgjerande.
Arbeidsgivaren pliktar å vurdere dei konsekvensane omstillinga får for arbeidsmiljøet, og dette bør gjerast i samarbeid med verneombodet og arbeidsmiljøutvalet (AMU). Etter ei slik risikovurdering skal det bli planlagt og gjennomført tiltak for å redusere eventuelle uheldige konsekvensar av omstillinga.