Sist endret: 16.11.2016

Vald, mobbing, truslar, trakassering, personalkonfliktar

Informasjon om rutinar, tiltak og hjelpemiddel i Seljord kommune

Å bli utsett for vald og truslar kan føre til alvorlege konsekvensar for arbeidstakarar både fysisk, psykisk og sosialt. I mange tilfelle vil vald og truslar kunne påverke arbeidsevna til den som blir ramma.

Det er trakassering når ein eller fleire personar gjentekne gangar over tid blir utsett for negative handlingar fra ein eller fleire personar. Dette kan  t.d. vere uønska seksuell merksemd, plaging, utfrysing, fråtaking av arbeidsoppgåver, eller sårande fleiping og erting. Vidare bør det vere ein ubalanse i styrkeforholdet, slik at den som blir trakassert må ha vanskeleg for å forsvare seg.

Vald, truslar, trakassering og mobbing kan kome frå klientar og publikum, men kan og skje internt på arbeidsplassen.

Arbeidsgjevar skal ha rutinar for handtering av vald, mobbing, truslar, personalkonfliktar og trakassering. Det inneber både varsling og tiltak for å førebyggje og å handle.

På denne sida finn du lenker til rutinar, meldeskjema og andre hjelpemiddel som blir brukt i Seljord kommune.

Mobbing på arbeidsplassen