Sist endret: 15.03.2018

Vernerundar - rutinar og hjelpeskjema

Informasjon om rutinar og hjelpeskjema til vernerundar i Seljord kommune. Du finn pdf-skjema under lenker, og word-skjema som kulepunkt.

På denne sida finn du hjelpemiddel til bruk i arbeidet med vernerundar: rutine, kartleggingsskjema, og sjekklister til bruk for oppfylgjing av vernerundane.

I tillegg finn du mal for tiltaksplan til bruk for oppfylgjing av tiltak som kan løysast internt på arbeidsplassen, og du finn mal for handlingsplan for tiltak som må sendast vidare til sektornivå for ev. prioritering og innarbeiding i budsjett.

Avdelingsleiar har ansvaret for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Det betyr og at avdelingsleiar har ansvar for at HMS-rutinane blir fylgt på arbeidsplassen. Verneombodet og avdelingsleiar skal saman gjennomføre vernerundar kvart år. Etter årshjulet for HMS-arbeid i Seljord kommune, skal vernerunden gjennomførast i perioden mars-mai.

Avdelinga skal varslast om når vernerunden skal finne stad. Avdelingsleiar har ansvar for å varsle om tid for vernerunden, gjerne ved eit oppslag.

Kopi av sjekkliste for gjennomført vernerunde og ev. handlingsplan skal sendast gjeldande kommunalsjef og rådmann, og kopi til hovudverneombod.

Skjema i pdf-format ligg nedst på sida under Lenker

Du finn og vernerundeskjema i wordformat her:

HMS-utstyr