Sist endret: 17.06.2016

Vernetenesta

Informasjon om vernetenesta i Seljord kommune - verneområder og verneombod. Under Lenker finn du siste oppdaterte oversyn over verneombod og verneområde i kommunen. Du finn og retningsliner for vernetenesta, og elles informasjon om dei ulike rollene i vernearbeidet.

Viktig om verneombodets oppgåver:

Verneombodet skal ha ei aktiv rolle i verksemda sitt HMS-arbeid.
Verneombodet skal også bli teke med på råd under planlegging og gjennomføring av tiltak som er viktige  for arbeidsmiljøet innafor ombodets verneområde,
t.d. etablering, utøving og vedlikehald av internkontrollsystemet i verksemda.

Viktig om hovudverneombodets oppgåver:

Hovudverneombudet skal sitje i arbeidsmiljøutvalget som ein av dei tilsette sine representantar.
Hovudverneombudet kan veljast blant eit av verneomboda eller ein annan person som har eller har hatt tillitsverv i verksemda.
Valet kan anten skje ved at verneomboda vel hovudverneombodet, eller ved at lokale fagorganisasjonar utpeiker hovudverneombodet etter bestemte reglar.

Viktig om arbeidsgjevars ansvar:

Det er arbeidsgjevaren som har ansvar for at arbeidsmiljøet er forsvarleg på alle måter og samsvarer med regelverket som er gitt i arbeidsmiljølova, med tilhøyrande forskrifter. Sjølv om det finst andre roller med oppgåver innafor arbeidet med HMS, står dette fast.
Det er arbeidsgjevar /avdelingsleiar som har ansvar for å leggje til rette for at arbeidet HMS blir prioritert, og at dei andre partane i HMS-arbeidet, t.d. verneombod, kan gjere jobben sin. Ulike oppgåver tilknytta HMS-arbeidet kan bli delegert til andre, men arbeidsmiljøet forblir arbeidsgjevars ansvar.