Sist endret: 14.02.2017

Reingjering av badekar og badeutstyr

Mål er at baderom er hygieniske til ein kvar tid

Gjennomføring:

Skal utførast av den tenesteytaren som sist bruka badet, etter kvar brukar.

Reingjering og desinfisering av ARJO badesystem:

  • Arjo reingjeringsmiddel plasserast i behaldar inne i panelet
  • Ved reingjering er det anbefala å bruke eingongs latexhanskar og briller som ligg i skåpet på badet
  • Dusj med reingjeringsmiddel (gul slange som ligg inne i panelet), og la virke nokre minuttar og tørk av med ein klut om naudsynt
  • Skyll med varmt vatn frå handdusj og tørk over med eit handkle
  • Ved smitte, reingjer badekaret med Virkon 
  • Bruk ikkje vaskemiddel med slipeeffekt eller nokon form for svampar