Sist endret: 17.02.2017

Klage frå brukar

Mål:
Ivareta brukaren sine rettar

Gjennomføring:

  • Klage sendast inn frå brukar, evt. pårørande, i samarbeid med leiar for verksemda, evt. anna personale
  • Klage frå brukar blir handsama av den eller dei som har fatta vedtaket

Generelt:

  • Statens helsetilsyn og fylkeslegane har det overordna faglege tilsynet med helsetenesta i landet
  • Dei har ikkje kompetanse til å gjere om undersøkingar og behandling. På bakgrunn av dei klagene som kjem inn, kan dei oppmode institusjonen/ helsepersonellet om retting, gi råd og rettleiing, eller gi direkte pålegg om retting
  • Denne funksjonen inneber ei styrking av rettsvernet til pasienten
  • Pasienten har likevel ikkje ein lovbestemt rett til å få handsama klagen sin. Men i ei rekke helserettslege særlover er det etablert eigne moglegheiter for klage.

Klage på enkeltavgjerd om rett til nødvendig helsehjelp, jmf kommunehelsetenestelova: 

  • Klaga blir sendt til kommunalsjef, leiar i tiltaksteam
  • Tiltaksteamet vurderer saka på nytt. Klage på heimesjukepleie vil bli vurdert av leiar for verksemda
  • Om ikkje tiltaket blir endra, blir saka oversendt fylkeslegen
  • Klagefrist: 4 veker.

Klage på enkeltavgjerd etter særlovgivnad, jmf. Lov om sosiale tenester

  • Klaga skal sendast til kommunalsjef
  • Tiltaksteamet vurderer saka på nytt. Klage på heimehjelp blir vurdera av leiar for verksemda
  • Om ikkje tiltaket blir endra, blir saka oversendt fylkesmannen
  • Klagefrist: Normalt 3 veker

Kva ei klage må innehalde:

  • Søknaden/henvendinga
  • Saksframlegget med opplysningar som er innhenta, kartleggingsskjema, evt. erklæring frå lege/fysioterapeut og liknande, samt alle andre dokument som er lagt til grunn for vedtaket
  • Vedtaket
  • Klaga
  • Eventuell utsegn til klaga frå kommunen
  • Alle dokument må merkast med nummer og leggast i nummerorden