Sist endret: 14.02.2017

Innkjøp, rekvirering, transport av legemiddel

MÅL :
Sikre at ordninga for innkjøp, rekvirering og transport av legemiddel er oversiktleg og forsvarleg.

Gjennomføring:

Bestilling av medisin: 

  • Rekvirering: Utførast ved Nesbukti pleie og omsorgsenter, unntaksvis kan legemiddel bli rekvirert per telefon. Dersom legemiddel vert rekvirert per telefon, skal det likevel førast opp på bestillingsark som ved ordinæ¦r bestilling (sjå punkt 5).
  • Innkjøp: Skal utførast av leiar for verksemda, sjukepleiar og evt. vernepleiar. Legemiddel skal i regelen kjøpast frå Apotek 1
  1. Sera, vaksinar og visse andre varar blir kjøpt hos SIF eller andre godkjende laboratorier
  2. Vaktmeister har ansvar for innkjøp av oksygen frå Telegass, Skien.
  3. Sjukepleiar/vernepleiar skriv opp dei medisinane som vert rekvirert på eige skjema, signerar og sender det per fax til Apotek 1 innan fast avtala vekedag
  4. Bestillinga er ugyldig utan signatur av lege.
  5. Legemiddel vert henta av ansvarleg for internpost på fast avtala vekedag
  6. Sjukepl. eller vernepl. set medisin på plass så snart som råd.
  7. Motteken medisin skal kontrollerast mot avdelinga si bestilling og kvittering frå apoteket
  8. Ev. feil skal rapporterast til apoteket umiddelbart.
  9. Før bestillinga er sendt, skal bestillingsarka bli oppbevart på medisinrommet
  10. Den som tek i mot medisin skal signere på kvitteringa og setje arket i perm på medisinrommet.

Bestilling av medisin ved fylling av dosett, gjeld heimesjukepleia

  1. Før heimetenesta overtek ansvaret for medisinhandtering, må det ligge føre ei medisinavtale. 
  2. Det blir berre bestilt medisin som er registrert på brukar
  3. Legemiddel vert bestilt per fax frå Seljord apotek
  4. Heimesjukepleia hentar medisin ein dag i veka. Faktura vert sendt til den enkelte pasient ein gong per månad
  5. Oksygen til bruk i heimen: oppbevarast på lager merka "gass under trykk" på somatisk avdeling