Sist endret: 14.02.2017

Istandsetting og utlevering av legemidlar

Rutinen skal sikre at brukaren får rett medisin og rett dose til rett tid.

Gjennomføring:

Istandsetjing av medisiner/dosettar: 

  • Skal utførast av sjukepleiar/vernepleiar 
  • Med istandsetjing av legemiddel meiner ein uttak av legemiddel frå medisinskåp og istandsetjing av dosettar
  • Legemiddel til den einskilde pasient vert lagt i medisindosett, som er merkt med pasienten sitt namn
  • Den som set medisinen skal signere med namn og dato på eige skjema
  • Dosettane skal dobbeltsjekkast av ein annan sjukepleiar/vernepleiar før dei vert teke i bruk, og signere på same skjema med signatur, dato og eventuelle merknader
  • Eventuelle feil skal rettast opp snarast råd
  • Dosering av Marevan: Ansvarleg lege sender signert marevandosering via e-melding i Profil 

Utlevering av medisiner frå dosett: 

  • Skal utførast av personell med godkjenning til å dele ut legemidlar frå dosett
  • Dersom sjukepleiar/vernepleiar ikkje er på vakt i avdelinga, kan ein namngjeven person med kursbevis, få mynde til å dele ut legemiddel frå dosett
  • Utlevering av legemiddel til pasient skal skje etter ordinering frå lege
  • Dosettane oppbevarast i låst medisintralle på somatisk avdeling og avdeling for demente
  • Heimesjukepleia har eige medisinrom for dosett/multidose. Eiga rutine for låsing
  • Nøkkelen blir oppbevart av den personen som er ansvarleg for medisinutdelinga den vakta eller på avtalt stad
  • Dersom pasienten har fått feil medisin, dose eller ikkje fått den medisinen han skal ha, skal ansvarleg sjukepleiar vurdere behovet for å informere lege
  • Ansvarleg for medisinutdelinga skal signere med namn og dato på eige skjema. Skjemaet skal arkiverast i 10 år, og i 15 år i fjernarkiv
  • Legemiddel som skal injiserast eller infunderas skal kontrollerast for at legemiddel og dose er som ordinert. Om mogleg skal kontrollen utførast av to personar
  • Influensavaksiner, B 12-injeksjonar og liknande skal førast på eige ark i pasienten si mappe

Eventueltmedisin: 

  • Der pasienten får plager som er kjende nyttast eventueltmedisin som er ordinera frå lege
  • Det/ dei aktuelle eventueltmedisinene står skrive opp i legemiddeloversikt i Profil
  • Eventueltmedisin som er gjeve skal registrerast i eigen perm, med dato, klokkeslett, type medikament, verknad og signatur
  • For registrering ved utdeling av evt. medisin frå medisinkuvøse eller låsbart skap, skal dette førast opp i eige mappe.

NB! Alle avvik skal meldast skriftleg til kvalitetsutvalet

Medisinering