Sist endret: 14.02.2017

Oppbevaring av legemiddel

Medisinene skal bli oppbevart fagleg forsvarsleg etter gjeldande reglar.

Gjennomføring:

Skal utførast av sjukepleiar:

  • Medisinar skal vere innelåst i medisinrommet og må oppbevarast som angitt på pakka
  • Reseptfrie legemiddel til utvortes bruk kan oppbevarast utanom medisinrommet
  • A- og B-preparat er låst inn i eige giftskåp. Gjeld Nesbukti pleie - og omsorgssenter
  • Ferdig fylte dosettar samt medisin til eventuelt bruk skal oppbevarast i låst medisintralle, NPOS
  • Desinfeksjonsmidlar og reagensar m.v. skal, når dei blir oppbevart utanfor laboratoriet, plasserast i eigne låsbare skåp merka "Desinfeksjonsmiddel" og/eller "Reagensar" 
  • Medisiner skal sorterast etter ATC-gruppe, om det er eit A- eller B- preparat, ei infusjonsvæske e.l., eller om det treng oppbevarast i kjøleskåp. Dersom pasienten har med eigne medisiner, vert desse låst inn på medisinrommet. Heimesjukepleia oppbevarer medisinar til brukarane i boksar merka med namn
  • Legemidlane skal oppbevarast i same emballasje som dei blir utlevert i frå apotek
  • Medisinlager skal kontrollerast ved jamnlege tilsyn av sjukepleiar og farmasøytisk tilsyn. A- og B-preparat vert kontrollert annan kvar månad av nattavdelingssjukepleiar. 

    Det vert signert på eige skjema.

    A-preparat vert kontrollert annakvar månad av sjukepleiar i heimetenesta.
Medisiner