Sist endret: 15.02.2017

Mobil personlyftar

Mål:
Sikre at bruken av mobil personlyftar er til mest mogleg tryggleik for brukar og personale
Sikre at personlyftarar blir vedlikehalde for lengst mogleg levetid.

Gjennomføring:

Mobile personlyftarar på NPOS:

  • Molift 
  • Sara (Arjo) 
  • Encore
  • Personlyftar m/segl 
  • Elektrisk badeheis m/sklimatte (Arjo) 
  • Elektrisk dusjstol (Arjo)

Personalet som kan bruke personlyftarane, lærer opp dei andre.

Bruk av mobil personlyftar:

Dagleg: 

  • sjå til at alle segl er festa på rett måte for å unngå ulukker på brukar og personale 
  • sjekk at segl er fri for riftar/skadar

Lading:

  • Skift batteri når varsellampe lyser, og sett utlada batteri til lading
  • Batteri ladast opp i minimum 8 timar, og er fullada etter 14 timar (om batteriet er tomt). Det er ikkje fare for overlading av batteri.
  • All reparasjon av batteriladar skal utførast av autorisert Arjo-personell.

Reingjering/vedlikehald:

Kvar anna veke: 

  • generell reingjering; bruk ein fuktig klut og tørk av flekkar og støv spesielt på fotkvilar og handtak
  • sjå vekeplan/dagbok på somatisk avdeling

Fyrste veka i kvar månad: 

  • sjekk at hjul rullar og svingar fritt, fjern evt. hår og lo som hindrar dette
  • kontroller personlyftar i høve til reinhald

Viss ikkje lyftarane fungerar som dei skal, ta kontakt med vaktmeister.