Sist endret: 15.02.2017

Oksygen og oksygenkolbar

Mål:
Sikre forsvarleg bruk av eksplosive varer. Førebygge uhell. HMS

Gjennomføring:

Ein av sjukepleiarane skal vera ansvarleg for: 

  • At det til ein kvar tid er 4 oksygenkolbar til disposisjon ved NPOS
  • Ein av kolbane skal alltid vera klar til bruk, dvs: tilkobla nesebrille, evt maske og med vatn i kammeret opp til merket
  • Etter at kolba har vore i bruk: 

    - tørk over med ein fuktig klut 

    - reduksjonsventilen spritast i tillegg 

    - vatnkammeret vaskast i dekontaminatoren
  • Når trykkmålar nærmar seg 0, ta kontakt med vaktmeister for utbytting/påfylling. Kolbane bør aldri bli heilt tomme
  • Skift ut vatnet i kammeret og sjekk kolbane 1 gong pr veke
  • Når oksygenkolbane oppbevarast på pasientrom, skal døra merkast med skilt merka "Gass under trykk"
  • All bruk av eld er strengt forbode og personalet har ansvar for å informere brukar og pårørande om dette.

Generell informasjon om oppbevaring av oksygenkolbar: 

  • Lagerplass for oksygenkolbar skal merkast "Gass under trykk"
  • Oksygenkolbane skal vernast mot støyt og uvøren behandling
  • Dei skal alltid stå støtt for å hindre at opninga og evt. reduksjonsventilen blir knust. Gassen vil då strøyme ut frå høgtrykket i kolben som da kan fare som ein prosjektil
  • Opne aldri hovudkrana på ein gasskolbe som ikkje har reduksjonsventil tilkobla
  • Syt for god sirkulasjon i rommet
  • Ved brann eller tillaup til brann, må oksygenkolben stengjast straks og fjernas langt vekk frå brannstaden
  • Olje må aldri brukas på oksygenutstyr, då olje saman med rein oksygen kan eksplodere på grunn av kjemiske reaksjonar
  • Bruk skiftenøkkelen som er festa til kolba ved byting av kolbe