Sist endret: 07.02.2017

Brann

Mål med brannvern og brannrutinar er å forebygge brann, og å handle raskt og rett ved eventuell brann

Alle tilsette har ansvar for å utøve trygge brannvernrutiner. Alle avdelingane har ansvar for å gjere tilsette og brukarar kjende med brannrutinane. Avdelingsleiar har ansvar for å sørge for rutinemessige brannøvingar.

Brannrutinane er forskjellige frå avdeling til avdeling, om det er ein barnehage, skule eller helseinstitusjon. rutinane må spegle dette.

Tiltak ved reell brann:

  • Alarmen går, brannsentralen blir varsla automatisk innan 8-10 sekundar
  • Sjekk lampene på branntavle, ev. veggen utenfor bustad
  • Lyser ein av lampene, gå straks til den aktuelle avdelinga/bustaden
  • Hvis ingen av lampene lyser, gå ein runde rundt på avdelinga og orienter deg om situasjonen
  • Steng dører, vindauge og andre opningar
  • Bring barn, elevar, bebuarar i sikkerheit;i fyrste omgang utanfor avdelinga/ bustaden, heilt ut om nødvendig
  • Slokk med slange eller pulverapparat viss mogleg
  • Orienter brannvesenet om stad og situasjon
  • Universalnøkkel på avtala stad
  • Ein i personalet må ha kontakt med brannvesen, ev. ta dei imot og orientere om stad og situasjon


Ved falsk alarm:

  • Dobbeltsjekk alltid!
  • Også ved falsk alarm skal ein ringe 110 og gje beskjed om kva som skjer
  • Ved mistenkeleg lukt, eller evt. andre ting ein er i tvil om, ring brannansvarleg/ vaktmeister eller 110
  • Avstill alarm ved å vri om nykkel og trykk på knapp eller fylg eiga prosedyre. Bør henge ved tavla
  • Ved straumstans: følg eiga prosedyre. Bør henge ved tavla.

MERKNADER :

Syner til eigen brannvernperm som står på kontor til dagleg leiar, ev. vaktmeister.

Brannbil