Sist endret: 01.12.2016

Flagging ved offentlege bygg

Seljord kommune fylgjer forskrift om flagging ved offentlege bygg. i forskrifta står det kva for dagar som er offentlege flaggdagar. I tillegg er det nokre dagar som det er naturleg å flagge, t.d. ved gravferder for bebuarar ved ein institusjon o.l. Helsesektoren har laga eigne rutinar på området.

Tidspunkt for flagging på offisielle flaggdagar:

  • Heising: Mars – oktober, kl.08.00 og november – februar, kl.09.00
  • Firing: ved solnedgang, seinast kl. 21.00
  • Gjeld NPOS: Avdeling for demente har ansvar i år med oddetal (05, 07, 09 osv), Somatisk avdeling har ansvar i år med partal (06, 08 ,10 osv)

Flagging ved gravferd:

  • Det blir flagga på halv stong gravferdsdagen
  • Flagget blir heist fyrst til topps, og så ned til ein tredjedel av stonga sin lengde
  • Når gravferda har funne stad, skal flagget heisast til topps
  • Flagget blir fira seinast kl. 21.00
  • Gjeld NPOS: den avdelinga som avdøde budde på, har ansvar

Flagging ved åremålsdagar:

Gjeld NPOS: den avdelinga som bebuaren er på, har ansvar.

Noregs flagg