Sist endret: 09.02.2017

Livbergingsprøver

Seljord kommune arrangerer livbergingsprøver kvar haust når bassenget er opna, etter haustferien.

Seljord kommune har bestemt at tilsette som fylgjer barn eller vaksne i bassenget skal ha prøva kvart år.

Grunnlaget til kravet om livbergingsprøver ligg i Forskrift til opplæringslova: § 12-1. Tryggleik for elevane: 

”I situasjonar der skolen er ansvarleg for symjing og bading i grunnskolen, skal det alltid vere ein tilsynsansvarleg, vaksen person til stades. Dersom den gruppa skolen har ansvaret for, overstig 15, skal tilsynet aukast med ein vaksen tilsynsperson for kvar påbegynt gruppe på 15.
Dei som fører tilsyn, må vere flinke til å symje og dykke, og må kunne livredning. Tilsynet må aukast ytterlegare når omsynet til tryggleik gjer det nødvendig.”

Prøva består av ein teoretisk del og ein praktisk del i basseng.
Det blir gjennomgått grunnleggjande livberging, og prøvetakar må gjennom ein praktisk prøve som består av å hoppe eller stupe frå kanten av bassenget, synje 100 m bryst og 100 m rygg, dykke og hente opp livbergingsdokka frå 1,8 m djup, ilandføre ein makker 25 m, gjennomføre hjarte-lungeredning/ hjartekompresjon. 

Rutiner:

  • HMS-koordinator sender ut invitasjon til prøvetaking kvart år. Livbergingsprøvene blir halde kvart år på hausten når bassenget har opna
  • Avdelingsleiar melder på tilsette som må ta prøva
  • HMS-koordinator fører og sender ut felles sjekkliste med alle som har gjennomført og fått godkjend prøvetakinga
  • HMS-koordinator sender ut prøvebevis til alle som har fått godkjend prøva 
  • Avdelingsleiar fører sjekkliste for eigen avdeling




Symjehallen