Sist endret: 11.01.2018Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Finn-Arild Bystrøm

Økonomistyring

Seljord kommune har vedteke eit økonomireglement. Bakgrunnen for at kommunen har vald å vedta eit slikt reglement er kravet om god internkontroll som går fram av kommunelova § 23, andre ledd, andre punktum, der det heiter at: «Administrasjonssjefen skal sørge for at administrasjonen drives i samsvar med lover, forskrifter og overordnede instrukser, og at den er gjenstand for betryggende kontroll».
Økonomireglementet blei vedteke i september 2016.

I reglementet finn du: 

  1. Reglement for økonomiplan og årsbudsjett
  2. Reglement for delegering av budsjettmynde i årsbudsjettet
  3. Reglement for oppfølging av årsbudsjett og rapportering
  4. Reglement for investeringar
  5. Reglement for innkjøp
  6. Reglement for tilvising og utbetaling
  7. Reglement for årsavslutning/årsoppgjer
  8. Reglement for tap på fordringar
  9. Reglement for startlån

Du kan lese heile økonomireglementet i lenka nedanfor