Sist endret: 10.04.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Ingeborg Nenseter Jensen

Politiattest

Det blir krevd politiattest i fleire yrke, også verv i frivillige organisasjonar.
Ein politiattest (vandelsattest) inneheld opplysningar om ein persons oppføringar i politiregistra. Det har lenge vore krav om politiattest for tilsette som jobbar i barnehage og skule, frå 1. januar 2017 blei det også innført krav om politiattest for alle som skal jobbe i den kommunale helse- og omsorgstenesta, uavhengig av kva for pasient- eller brukargrupper personalet skal yte tenester til.

Vi har her samla informasjon om rutinane for å samle inn politiattest. i tillegg er det viktig at alle avdelingar som er berørt av lovkravet, må føre eigne sjekklistar for å sikre at alle leverer politiattest etter lova.

Rutine i Seljord kommune:

  • Det skal stå i utlysninga at det er krav om å levere politiattest
  • Alle tilsette får tilsettingsbrev der det det står referert til lovverket og kva for arbeidsområde som stiller krav om politiattest.
  • Personalavdelinga har ansvar for å be om og registrere politiattest ved alle tilsetjingar
  • Personalavdelinga har ansvar for å hente inn og registrere politiattest frå vaktmeistrane som er innom avdelingane 
  • Personalavdelinga fører ein oversikt over alle tilsette med politiattest, arbeidsplass og dato for utsteding, den ligg i ePhorte
  • Avdelingsleiarane har sjølv ansvar for å be om politiattest til vikarar og medarbeidarar som er innom med ujamne mellomrom
  • Personalavdelinga purrar på nytilsette dersom politiattesten ikkje kjem inn til registrering innan rimeleg tid

  • Den tilsette bør levere politiattesten via næraste leiar, slik at den blir registeret der fyrst.  

Sjå aktuelle lenker nedanfor

Politi