Sist endret: 15.02.2018Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Tone Bøhn

Lærlingarbeidet i Seljord kommune

Seljord kommune tek opp lærlingar innan Helsefag og Barne- og ungdomsarbeidarfag. Søknadsfrist for å søke om lærlingplass i Seljord kommune er 1.mars for båe fagområda

Helsefag:

Lærlingetida innan helsefag er lagt til Nesbukti pleie-og omsorgsenter, delt på somatisk avdeling, avdeling for demente og i heimetenesta.

Fagleg leiar er Kristin Tørre

Kommunen tek inn ein ny lærling kvart år.

Barne - og ungdomsarbeidarfag:

Lærlingeltida i Barne-og ungdomsarbeidarfager er stort sett lagt til Seljord sentrum, nærare plassert i Heddeli barnehage, Seljord SFO/barneskule og på Vest-Telemark vidaregåande skule, avd. Seljord.

Fagleg leiar er Tone Bøhn

Kommunen tek opp ein ny lærling stort sett anna kvart år.

I 2018 er fristen for å søke om lærlingeplass 15.mars.


  • Brukarmedverknad i skulen

  • Opplæring i grunnskule og vidaregåande skule – innhald og timetal

  • PP-tenesta

    Sist endret: 21.11.2013

    PP-tenesta heiter eigenleg pedagogisk-psykologisk teneste og hjelpar skulen med å gje tilpassa opplæring til elevane.

    Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal gjere ei fagleg vurdering - ei såkalla sakkunnig vurdering. Vurderinga skal vise om barnet treng spesialpedagogisk hjelp og vil foreslå eit tilbod for barnet, foreldra eller barnehagen.
     
    Det er opplæringsloven som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part.
     
    PPT skal gjere ei sakkyndig vurdering i desse tilfella:
    • Søknad om tidleg eller utsett skulestart
    • Spesialpedagogisk hjelp
    • Spesialundervisning
    • Fritak frå opplæring
    • Punktskriftopplæring
    • Teiknspråkopplæring
    • Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
    • Inntak til særskilt utdanningsprogram i vidaregåande
    • Utvida opplæringstid i vidaregåande skule

    Born, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

    Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

    Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.

    Sjå:
    barnehageloven § 19 a Rett til spesialpedagogisk hjelp
    opplæringslova § 5-6 Pedagogisk-psykologisk teneste
    forskrift til opplæringslova, kapittel 5 Klage på vurdering

    Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

    Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.


     

    Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.


     

    Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.

    Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

    Når born får spesialpedagogisk hjelp / spesialundervisning utanfor bustadkommunen etter avtale, og når born blir plasserte av barnevernstenesta utanfor bustadkommunen, vil PPT i vertskommunen ha ansvaret for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering. Sjå forskrift til opplæringslova § 18-1.

  • Rådgiving i skulen

  • Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring/vurdering med karakter

  • Skuleskyss

  • Skulestart

  • Spesialpedagogisk hjelp til barn

  • Spesialundervisning

  • Vidaregåande opplæring for vaksne