Sist endret: 15.06.2018

Organisasjonsutvikling i Seljord kommune

Det vert stilt stadig høgare krav til kvalitet, dokumentasjon og effektivitet i dei arbeidsoppgåvene og tenesteleveransar kommunane skal utføre. I tillegg kjem eit stadig tilflyt av fleire lovpålagte oppgåver til tenesteområda. Samstundes får vi ein reduksjon/stagnasjon i utviklinga i kommunebudsjettet, noko som tvingar oss til å endre måten oppgåvene vert løyst på.

Ved tilsetting av ny rådmann i juni 2017 var det ei klår forventing om at dagens driftsstruktur skulle gjennomgåast for å sjå etter eit forbetringspotensiale.
Kommunestyret vedtok 15.juni 2018 å gjennomføre forslaga i endringsprosessen.

På desse sidene har rådmannen lagt ut informasjon om prosessen med gjennomgang av organiseringa av Seljord kommune. Du har kunne fylgje prosessen, lese framlegg, og sjå utkast til endringar etter kvart som det blei klart. Sjå undersider i menylina over.

Tillitsvaldsapparatet har vore viktig i prosessen. Rådmannen har lagt til rette for jamleg kontakt med organisasjonane, og dei tilsette som har hatt ting på hjarta, har kunne gå gjennom organisasjonane.

Sjå meir informasjon under lenka over; Om prosessen


Møteillustrasjon