Sist endret: 26.06.2018

Om prosessen

Rådmannen sette i gang ein prosess der målet var at fyrste runde skulle vere verdig i oktober 2018. Kommunestyret vedtok endeleg 15.juni 2018 å gjennomføre forslaga i prosessen.

For å sikre god dialog blei det lagt opp til faste månadlege formelle møte. Viss dei tillitsvalde eller arbeidsgjevar meldte behov kunne ein gjennomføre hyppigare møte, jmf tidslina og kapittel 6 - prinsippa for endring, s 7 andre avsnitt «Å bygge tillit...»

Viktig med involvering

Det har vore god involvering. Prosessen hadde dette som eit av sine grunnfundament, sjå prosesskrivet på skytenesta One Drive, sjå lenka under. 

Kartleggje no-situasjon:

Når arbeidsgruppene byrja arbeide var dette ei av dei oppgavene som blei gjennomført. Kommunalsjefane og/eller arbeidsgruppene gjennomførte dette ifm arbeidet som var planlagt starta opp 1. mars, jmf tidsline.

Arbeidet med konsekvensanalysene frå kommunalsjefene og rådmann er gjort.

Dokumentasjon blei lagt ut i ePhorte, på intranett og i skytjenesta OneDrive, sjå lenke under.

Rådmannen har og laga jamlege informasjonsnotat om framdrift på prosessen, og dei finn de under "Sjå også"

Vi har lagt ut eit dokument om alternative løysingar i overgangen frå avdelingar til einingar. dette vart drøfta med dei tillitsvalde 21.06.18, og tilbakemeldingane er innarbeidd i dokumentet. Sjå Lenker nedst på sida.