Sist endret: 19.03.2019

Dekking av utgifter ved reiser

Ein har rett på dekking av utgifter i samband med arbeidsreiser. Kommunen fylgjer Statens regulativ når det gjeld satsar til kilometergodtgjering, diett og overnatting. Det er og reglar for korleis ein reknar på arbeidstid i samband med reiser.
På denne sida vil vi prøve å leggje ut informasjon om satsar og reglar.

Økonomiavdelinga sender ut informasjon når det er endring i regelverk, satsar o.l. Dette legg vi ofte ut som nyhet på intranettet. Vi vil og prøve å leggje dei mest sentrale endringane ut på denne sida.

Køyregodtgjering pr 22.6.2018:

  • Sats for kilometergodtgjering: kr 3,90 pr. km. 3,50 pr km er skattefritt. (Ny sats frå 22.6.2018)
  • Passasjertillegg: kr 1,00 pr. km uavhengig av kor mange passasjerar som er med (Nytt frå 22.6.18)

Hugs å runde av til heile tal når du skriv kilometer på reiserekninga.

Utgifter til kost pr 22.6.2018:

For reiser over 15 km​ og som varer utover 6 timar, blir utgifter dekka til måltid etter satsane:

a) For reiser inntil 12 timar: 0

b) For reiser over 12 timar blir det dekka ein ulegitimert sats på kr 554,-.

c) For reiser som varer meir enn eit døgn, 6 - 12 timar over heilt døgn: kr 297,-

d) + 12 timar over heilt døgn: kr 552,-

Du kan lese meir om regelverket i lenka til Lovdata, Særavtale for reiser innanlands nedanfor.

Norske kroner