Sist endret: 03.02.2016

Personalpolitikk

Seljord kommune ønskjer å arbeide for eit godt, inspirerande og utviklande arbeidsmiljø i ein mest mogeleg effektiv og rasjonell organisasjon. Det skal resultere i best mogeleg service for innbyggjarane i Seljord kommune, og trygge arbeidsplassar for dei tilsette i Seljord kommune.

Den viktigaste reiskapen for å sikre at alle arbeidstakarane får mest mogeleg lik behandling, og at tilhøva blir lagt til rette slik at arbeidstakarane får høve til å utvikle sine evner og anlegg, er Personalpolitiske retningsliner.

Den einskilde arbeidstakar skal sikrast rettsvern i høve til tilsetjing, stilling og avgang frå stilling. Arbeidet skal leggjast til rette og organiserast slik at den einskilde arbeidstakar tar ansvar for arbeidsområdet sitt. Leiarar og arbeidstakarar skal saman jobbe for eit godt arbeidsmiljø, både fysisk, psykisk og sosialt. Tillitsvalde skal bli involvert i beslutningsprosessane.

Personalpolitikken i Seljord kommune fylgjer lovar og forskrifter innanfor personalarbeid og arbeidsmiljø.