Sist endret: 17.06.2016

Personalordningar

Seljord kommune ynskjer å sikre eit godt, inspirerande og utviklande arbeidsmiljø i ein mest mogleg effektiv og rasjonell organisasjon. Det skal resultere i best mogleg service for innbyggjarane i Seljord kommune, og trygge arbeidsplassane for dei tilsette i Seljord kommune.

Kommunen har personalpolitiske retningsliner som skal vere med å sikre at alle arbeidstakarane får høve til å utvikle sine evner og anlegg.

Den einskilde arbeidstakar skal sikrast rettsvern i høve til tilsetjing, stilling og avgang frå stilling. Arbeidet skal leggjast til rette og organiserast slik at den einskilde arbeidstakar tar ansvar fopr arbeidsområdet sitt. Leiar og arbeidstakar skal saman jobbe for eit godt arbeidsmiljø, både fysisk, psykisk og soialt.

Tilitsvalde skal bli involvert i beslutningsprosessane.

Kommunen har ei rekke ordningar for å ivareta den einskilde arbeidstakar og arbeidsmiljøet. Det er ordningar innafor forsikting, terminalbriller, fysisk aktivitet og helse.



I tillegg er det ordningane innafor arbeidslivet, som samarbeid med fagorganisasjonane, verneombod o.l.

På desse sidene kan du finne informasjon om ein del av desse ordningane.