Sist endret: 23.06.2016

Terminalbriller

Informasjon om ordninga med data- eller terminalbriller for tilsette i Seljord kommune

Kommunen har hatt ein anbodsrunde om levering av arbeidsbriller til tilsette i Seljord kommune. Avtala er gjort med Vest-Telemark Synssenter.

Vest-Telemark Synssenter har filial både i Seljord og i Bø. Synssenteret er ein del av Alliance Optikk, sjå lenke nedanfor.

Her kan du lese meir om arbeidsbriller, arbeidssyn, ergonomi og gode råd for å unngå slitasje på auga.

Les og forskriftene som gjeld rett til databriller.

Hovudregelen er at tilsette som sit meir enn to timar pr dag ved pc-skjermen i samband med arbeidet sitt, og føler at dei har problem med synet i den samanhengen, kan ta kontakt med personalsjef. Personalsjef sender rekvisisjon til konsultasjon med Vest-Telemark synssenter for vurdering av behovet for databriller, via Alliance Optikk.

I personalpolitiske retningsliner for Seljord kommune står det meir, sjå vedlegg nr. 11. Sjå lenke til Personalpolitiske retningsliner

Databriller