Sist endret: 06.10.2017

Rutine for e-melding mellom Sykehuset Telemark Helseforetak, Seljord helsesenter og Pleie og Omsorg Seljord

Godkjend i Kvalitetsutvalet 13.3.2015

Meldingsansvarleg = avdelingsleier

Meldingsgruppe = sjukepleiar/vernepleiar

  • Tenestekontoret opnar e-meldingar fortløpande på alle verkedagar, (07.45-15.00/15.30) og fordelar til journalansvarleg til rett avdeling
  • Meldingsgruppa finn meldingane under punkt 3 i e-meldingsmodulen i Profil ( Gruppa sine ubehandla meldingar)
  • Utanom tenestekontoret si opningstid må innboks sjekkast av meldingsansvarleg på avdelingane. I dei tilfella pasient høyrer til fleire avdelingar, må meldingsansvarleg gjere den andre avdelinga kjend med innhaldet i meldinga
  • E-meldingar utanom tenestekontoret si opningstid, som er sendt til sakshandsamar, skal ikkje ferdigstillast av meldingsgruppa, skal berre lesast for å stje i verk tiltak for pasienten. Skriv i merknadsfeltet kva som er gjort, ha med signatur.
  • Meldingar til sakshandsamar tilhøyrer Tenestekontoret for vidare sakshandsaming..

Rutine for oppfylgjing av e-melding:

Heimesjukepleia/ Nesbukti: 
Meldingsansvarleg/meldingsgruppe sjekkar og ferdigstiller e-meldingar til sjukepleietenesta fortløpande, kl. 09.00-11.00-13.00-15.00-17.00 og 21.00

Psykisk helse/Rus:
Meldingsansvarleg sjekkar og ferdigstiller e-meldingar innan kl 14 dagleg

Heddelitunet:
Meldingsansvarleg sjekkar og ferdigstiller  e-meldingar innan kl 14 dagleg

Gjeld alle: i feriar/ ved fråvær av meldingsansvarleg må kvar avdeling sikre at e-meldingar blir opna og oppgåve utført.

Blå meldingar – ukjent brukar i Profil:
Les meldinga for å sjekke om pasient har behov for tiltak/tenester. Ver merksam på om pasienten tilhøyrer Seljord kommune, dersom ikkje, gje sjukehuset tilbakemelding.

Gjer deg kjend med meldingsflyt side 2:
For sending og mottak av e-melding finn ein opplæring på Seljord kommune sitt intranett under Elektronisk samhandling VT -  felles prosedyrar - "Forenkla brukarrettleiing"