Sist endret: 15.02.2016

Språkbruk i Seljord kommune

Seljord kommune ynskjer å stå fram som ein kommune med sterkt fokus på god språkbruk. Seljord er ein nynorskkommune, og det er viktg at all offentleg skriftleg kommunikasjon går føre seg på nynorsk.
Seljord kommune blei kåra til årets nynorskkommune i 2010.

I grunngjevinga for prisen stod fylgjande:

”Gjennom språket blir vi forma som menneske. Difor er det svært hyggjeleg for juryen å utnemne Seljord kommune til årets nynorskkommune, ein liten kommune som er i tet nasjonalt når det gjeld språkarbeid med og for dei små.
Arbeidet med å gjere barnehageungar til kulturberarar for lokal kultur og språk og å auke medvitet deira om språklege skilnader gjer Seljord kommune til ikkje berre eit føredøme for nynorskkommunar, men eit døme på framifrå språkpedagogisk tenking.”
"Seljord kommune har laga ein plan og eit lokalt verktøy for språkstimulering i barnehagane. Dei har og laga ein plan for lese- og skriveopplæring i grunnskulen.

Juryen har også lagt vekt på at kommunen ligg i eit tradisjonelt nynorskfylke, men der nynorsken mange stader likevel er under press.
Seljord skårar høgt både når det gjeld kommunale planar, nynorsk i kulturarbeid og tidleg nynorskinnsats blant barn".

Det offentlege språket er ofte prega av at tilsette er under eit sterkt tidspress.
Ein ser alt for ofte skrivefeil, lange og kronglete setningar, og diverre for ofte dårleg nynorsk. 

På desse sidene har vi samla ein del lenker til gode sider om språk, hjelpemiddel og tips.