Sist endret: 24.06.2016

IKT

Bruk av data for kommunalt tilsette

Seljord kommune har ein kommunal dataserver som er drifta av AspIT.

Normalt må ein vere kopla opp mot det kommunale datanettverket for å få tilgang til serveren. Kommunen ynskjer at alle kommunale dokument blir lagra på den kommunale dataserveren. Dette for å ivareta tryggleiken, men og for å ha ei god løysing med omsyn til tilgang og arkivering av kommunale dokument.

Ein del arbeidstakarar i kommunen har avtale om eigen jobb-pc. Dette gjeld i særleg grad lærarar og personar i administrative stillingar. Avtale om ekstern pålogging til kommunal server skal avgjerast av rådmannen, og alle søknadene skal gå gjennom avdelingsleiar.

Under ligg eit avtaleskjema for tilsette med behov for ekstern pålogging av kommunal server.

Andre ordningar:

  • Databriller og synstest for kommunalt tilsette/Terminalbriller. Sjå personalpolitiske retningsliner

Ver varsam:

  • Bruk av bilde av mindreårige på heimesider
  • Opplysningar om barn i skule-og barnehagesamanheng
  • Bruk av internett i skule og barnehage
  • Tilsett i kommunen - bruk av soiale medier. Sjå Råd for bruk av sosiale media, Personalpolitiske retningsliner 
Arbeid med Ipad