Arbeid med heimeside frå 1.1.22
Frå 1.1.22 går vår kjære biblioteksjef, Britt Haugland, av med pensjon. Frå den datoen vil Tone Bøhn ha hovudansvaret for heimesida, men Anne Bente Kasland Groven vil vere med å leggje ut nyheiter og koronasaker på heimesida inntil ny biblioteksjef er tilsett og opplært i heimesideverktøyet.
Vi ber om at de sender nyheitssaker til både Anne Bente og Tone inntil vidare, så tek den av oss som har tid og legg ut.
Vi takkar Britt så mykje for jobben ho har gjort med heimesidene og biblioteket i Seljord!