Definisjon avvik
Når eit forhold ikkje er i samsvar med, eller det er brot med lovar, forskrifter eller interne reglar, blir det å sjå som eit avvik. Alle tilsette har ansvar for å rapportere avvik.
Avdelingsleiarane har ansvar for handsaming av avviksmeldinga.
Framgangsmåte - korleis melde og handsame avvik
Når eit avvik, feil eller mangel er avdekt, skal det rettast opp, og årsaka til avviket skal fjernast slik at liknande avvik, feil eller manglar blir unngått.
Avdelingsleiar drøftar tiltak med verneombod når avvika handlar om arbeidsmiljø, HMS.
Om moglege tiltak ikkje er innanfor avdelinga sitt ansvarsområde, skal kommunalsjef, rådmann og eventuelt AMU handsame avviket. Avdelingsleiar er ansvarleg for at nødvendige tiltak vert sett i verk.
Avvikssystemet ligg i Compilo
Lenke til Compilo ligg i Citrix innlogging eller her