Informasjon om regelverk og satsar
Økonomiavdelinga sender ut informasjon når det er endring i regelverk, satsar o.l. Dette legg vi ofte ut som nyhet på intranettet. Vi vil og prøve å leggje dei mest sentrale endringane ut på denne sida.
Hugs å lever reiserekning kvar månad eller rett etter tenestereisa!
Satsar for køyregodtgjering frå 1.1.2019
- Sats for kilometergodtgjering: kr 4,03 pr. km.
- Passasjertillegg: kr 1,00 pr. km uavhengig av kor mange passasjerar som er med (Nytt frå 22.6.18)
Hugs å runde av til heile tal når du skriv kilometer på reiserekninga.
Utgifter til kost pr 22.6.2018:
For reiser over 15 km og som varer utover 6 timar, blir utgifter dekka til måltid etter satsane:
a) For reiser inntil 12 timar: 0
b) For reiser over 12 timar blir det dekka ein ulegitimert sats på kr 554,-.
c) For reiser som varer meir enn eit døgn, 6 - 12 timar over heilt døgn: kr 297,-
d) + 12 timar over heilt døgn: kr 552,-
Beløpa vil endre seg, så det er ikkje nødvendig å skrive satsane på reiserekninga. dei vil bli ført på av lønsansvarlege.
Du kan lese meir om regelverket i lenka til Lovdata, Særavtale for reiser innanlands nedanfor.