Seljord kommune har ein heilskapleg visuell identitet. Det betyr at vi skal framstå med ein felles visuell identitet i alle våre digitale og trykte flater.
Kommunen har vedteke ein ny designprofil. Det overordna målet med den nye grafiske profilen til Seljord kommune er å effektivisere utvikling av ekstern og intern kommunikasjon, og å sørge for at kommunikasjonen framstår heilskapleg. Profilens visuelle identitet skal vere unik, tydeleg og gjenkjennbar slik at det er enkelt å oppfatte at Seljord kommune er avsendar.
Den visuelle profilen til Seljord kommune skal i fyrste omgang byggje på kommunevåpenet, designelement, fargar og skriftsnitt/typografi.
Profilen skal spegle kommunens visjon: Det gode vertskap.
Under finn du designmanualen for Seljord kommune. i manualen finn du nedlastbare filar, som t.d. ulike versjonar av logoen med tekst, einingslogoar, wordmalar for brev, planar, og Power Point-malar.
Kommunevåpenet
I 1987 lyste Seljord kommune ut ein konkurranse for å få eit eige kommunevåpen. Då fristen for konkurransen gjekk ut 1. mars, hadde det kome inn 92 framlegg. 14 av desse blei sendt til Riksarkivet for vurdering. Om lag to år seinare, 27. april 1989, vedtok eit samrøystes kommunestyre framlegget til Trygve Magnus Barstad.
I statsråd 15. september same år blei det fastsett følgjande:
”Vedtak av Seljord kommunestyre 27. april 1989 om våpen og flagg for kommunen vert godkjent.
Seljord kommunes våpen skal vera: På raud grunn ein gul sjøorm.
Seljord kommunes flagg skal vera: På raud grunn ein gul sjøorm.”
Designmanual med logo, presentasjons- og brevmalar - last ned her