Den siste familien vi busette kom frå Kongo, men kom frå flyktningeleir i Rwanda. Dei kom torsdag 15.september og skal bu i Bringsåsvegen 18. Familien kom nokre veker tidlegare enn vi var varsla om, så det blei ein hektisk busetting med mykje arbeid for å finne og klargjere bustad. 

I løpet av oktober kjem det også ein einsleg mindreårig flyktning frå Afghanistan til oss i Seljord. Han er 15 år og heiter Sharif. Sharif er bror til ein av dei andre afghanske ungdommane som kom til Seljord i 2017. Han vil få ein støttefamilie som skal vere omsorgsansvarlege den fyrste tida i Seljord. 

Så langt har busetting i 2022 skjedd i Seljord sentrum, men busetting framover skal i hovudsak skje utanfor sentrum. Akkurat no er det «pause» i busettinga då tenestene våre har ressurs- og kapasitetsutfordringar. Det er t.d. fullt i barnehagane og det manglar tilsette i skule og barnehage og vi har for tida ikkje tilsette som kan hjelpe med å å få på plass nye bustader til busetting. Med ei lita pause, så håpar vi at tenestene gradvis kan starte opp busettingsarbeidet igjen etter kvart.

De kan lese meir på sidene våre om ekstraordinær busetting av flyktningar på nettsidene våre