Organisering av opplæringa

Seljord kommune har inngått ei avtale med Røde Kors som via samarbeidspartnaren sion Førstehjelpskompetanse, kan tilby førstehjelpskurs til Seljord kommune med inntil 20 deltakarar pr kurs til rabattert pris. 
I tillegg kan Seljord kommune få høve til å ta med 4 deltakarar ekstra pr kurs. 
Alle kursa varer tre timar, og det føreset at kommunen sørgjer for eigne lokale.
Alle kurs kan tingast via e-post; post@førstehjelpskompetanse.no  Merk med Avtale Seljord Røde Kors

Dette gjeld fylgjande kurs:

  • ABC kurs i grunnleggjande førstehjelp (ordinært kurs)
  • ABC kurs i førstehjelp for "deg som har omsorg for barn", barnehage, skule og SFO
  • ABC kurs i førstehjelp for helsepersonell (tilsette i heimetenesta, sjukeheim, aldersbustader o.l.)
  • Kurs for andre tilsette kan og formidlast.

Sjekkliste over deltaking på kurs i fyrstehjelp

 

Kva seier lovverket

I Forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule står fylgjande:

§ 14. Sikkerhet og helsemessig beredskap
 Virksomheten skal planlegges og drives slik at skader og ulykker forebygges. Virksomheten skal ha rutiner og utstyr for håndtering av ulykkes- og faresituasjoner. Rutinene og sikkerhetsutstyret skal være kjent for alle, herunder barn og elever.

§ 15.Førstehjelp
Virksomheten skal ha førstehjelpsutstyr i tilstrekkelig mengde og av tilfredsstillende standard. Utstyret skal være forsvarlig plassert. Virksomhetens eier skal sørge for at alle ansatte er kjent med hvor utstyret oppbevares og hvordan førstehjelp ytes.

I Opplæringslova § 12-1 første ledd bokstav b står fylgjande:

I situasjonar der skolen er ansvarleg for symjing og bading i grunnskolen, skal det alltid vere ein tilsynsansvarleg, vaksen person til stades. Dersom den gruppa skolen har ansvaret for, overstig 15, skal tilsynet aukast med ein vaksen tilsynsperson for kvar påbegynt gruppe på 15. Dei som fører tilsyn, må vere flinke til å symje og dykke, og må kunne livredning. Tilsynet må aukast ytterlegare når omsynet til tryggleik gjer det nødvendig. For vidaregåande skole gjeld her berre det generelle kravet om tryggleik, slik det er formulert i bokstav a.

Udir skriv på eigne nettsider at rutinane og retningslinene for skulen og kan brukast for barnehagen, med dei tilpassingene som er nødvendige med omnsyn til barnas alder. På skuleområdet har staten gitt retningsliner vedrørande svømmeopplæring i forskrift til opplæringslova.

I Opplæringslova § 9a-2.Det fysiske miljøet, står fylgjande: 

Skolane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.