Smittesituasjonen i Norge er no slik at regjeringa har innført ein del innstrammingar.
- Frårådar alle å reise til både grønne og raude land
- Innført nasjonalt skjenkestopp kl. 24.00
- Ikkje utviding av storleiken på arrangement ( utover 200) som varsla. Der regjeringa hadde tenkt å løyse opp, ser dei no behov for å stramme inn
- Nasjonalt blir det oppmoda om bruk av heimekontor for å hindre stor pågang på kollektivtrafikken i rushtida. For Seljord kommune og dei tilsette er vi heldigvis i ein slik situasjon at det ikkje er veldig stor pågang på kollektivtransporten.
Det basale smittevernet er fortsatt det aller viktigaste i kampen mot viruset. Vaske hendene nøye og ofte, halde avstand og vere heime når du er sjuk.
Dersom du har symptom på luftvegssjukdom, eller anna symptom knytt til Covid –19, skal du halde deg heime til du er frisk. Vi ber deg også om å teste deg, og at du brukar heimekontor dersom det er mogleg til resultat av test ligg føre. Det er låg terskel for å teste seg for alle tilsette. Du kan teste deg alle kvardagar på helsesenteret, berre ring og avtal med dei på førehand.
Det er uavklart korleis smittesituasjonen vil bli framover, men ein ser allereie no at smittetala aukar fleire stader i landet. Den beste måten å bekjempe smitte er å fylgje helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet sine smittevernsråd, med minimum 1 meters avstand, og gode hygienerutiner med handvask. I tillegg må vi som kommune fylgje opp den nasjonale vedtekne strategien; T.I.S.K; testing, isolering, smittesporing, karantene.
Dette er kommunenes TISK-ansvar:
Testing:
- Alle med luftvegsymptom
- Kvar dag
- Utan henvisning
Kommunen må sikre bemanningsystem for dette. Kapasiteten på testing skal vere 5 % av befolkninga i kommunen per veke frå og med 1. august 2020.
Isolering:
- Ha medisinsk oppfølgjing av pasientar i isolasjon
- Tilby alternativ isolasjon der dette er nødvendig
Smittesporing:
- Alle i nærkontakt skal sporast
- Må starte umiddelbart
- Kommunelegen er ansvarleg
Karantene:
- Personar i karantene skal følgjast opp
- Alternative lokalitetar skal tilbys der dette er nødvendig
Med venleg helsing
Frid Elisabeth Berge
Konstituert rådmann
Seljord kommune
e-post: frid.berge@seljord.kommune.no
Mobil: 48224469