For vår del på kommunehuset minnar vi om at vi:

  • Legg til rette for utstrekt bruk av heimekontor
    • Bærbare PC'ar med heimekontorløysing er i bestilling, og vi er lova rask levering
    • Det vil bli lagt opp til rullering på PC og heimekontor der det ikkje er ein PC til kvar tilsett
  • Kommunehuset blir stengt for besøkande. I fyrste omgang gjeld dette for dei komande to vekene. Publikum kjem inn etter avtale og finn elles telefonnummer og informasjon på heimesida. Intern telefonliste ligg under Kontakt oss.
  • Sentralbordet er ope frå kl. 8.00-15.30 kvar dag i same periode
  • For dei som er på jobb på kontoret er det viktig å hugse på:
    • Dei nasjonale hygieneråda, og råda for god nyse- og hostekultur
    • Vi et lunsj på matrommet, men passar på å ha god avstand mellom oss. Dersom det er mange på huset, kan ein dele opp lunsjen i puljar
    • Vi unngår handhelsing og klemming
  • I rådmannsteamet blir det lagt opp til rullering på heimekontor. Det er alt avtala at Finn-Arild er til stades på huset i oddetalsveker, og at Frid er til stades i partalsveker

Det vert oppmoda til ein nasjonal dugnad, og vi er sikre på at vi ved felles god innsats vil klare å minimere risiko og utbreiing av viruset ved at vi set i verk strenge tiltak no.

Med vennleg helsing

Ingeborg Nenseter Jensen
Organisasjons- og personalsjef
Seljord kommune

www.seljord.kommune.no

tlf.: 35065130/47900119