Informasjon frå rådmannen til tilsette, 3.april 2020
Gode tilsette i Seljord kommune.
No går vi inn i påskeveka. Ei veke som truleg blir annleis for oss alle. Hytteturen er kanskje ikkje der, ferien blir forkorta og familesamlingane som vi er vande med og så glade i, vil kanskje vere annleis enn tidlegare år. Det er trøyst i at vi er alle saman om dette. Eg har inga hytte, eg plar å ta dagturar opp og ned på fjellet. Eg kan melde om at det går heilt fint det også.
Mange må jobbe og framleis stå i fyrste rekke. Håpet er at lokal forskrift vil redusere påsketrykket på helse- og omsorgstenestene våre i Vest-Telemark.
For dei som kan, forsøk å kvile. For de som må jobbe, så er de ikkje aleine. Eg, rådmannsteamet, politisk leiing, innbyggjarane og samfunnet er takksame!
Med klapp og ærbødig respekt for jobben de gjer, takkar vi dykk alle saman.