Vi skal følgje dei råda som er gitt om smitteførebyggjande tiltak gjennom hygieneplakaten, sjå Folkehelseinstituttets  nettsider

  • Heng plakaten opp godt synleg
  • Gjennomgå råda med tilsette, elevar, brukarar og eventuelt barn
  • Snakk med tilsette om vanar og rutinar som kan medføre auka smitterisiko, t.d. nær kontakt, klem, high five o.l. på slutten av dagen i klasser

Uttale frå kommuneoverlegen:

"Kommuneoverlegen ynskjer å minne alle på at det viktigaste vi kan gjere for å unngå smitte i desse virustider er å vere flinke til å følgje plakaten med smitteførebyggjande tiltak som er vedlagt.

Samtidig er det viktig å seie at friske menneske ikkje trenger å vere engstelege for å ha fysisk kontakt med andre. Det er ikkje min intensjon å skape meir frykt eller bekymring, og når det gjeld coronaviruset, så er dette slik det ser ut i dag, ikkje noko farleg virus for dei aller fleste. I tillegg er det svært få barn som blir smitta i det heile. Når eg allikevel oppfordrar til auka fokus rundt smitteførbyggjande tiltak er dette vel så mye grunna influensa, omgangssjuke og andre virus som det er ganske mykje av på skulane og i barnehagane no om dagen."

Meir informasjon finn du på nettsidene til Folkehelseinstituttet 

Dersom det er nokre spørsmål rundt dette kan de kontakte helsesenteret på dagtid, tlf 350 65 250, legevakt på kveldstid 116 117, eller i heilt spesielle tilfelle, kommuneoverlegen på tlf: 95926844