Torunn Raftevold Rue vert konstituert som kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift
Seljord kommune kjem til å konstituere natur- og miljørådgivar Torunn Raftevold Rue som kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift frå 6. april 2021. Raftevold Rue har tidlegare vore kommunalsjef i Kviteseid kommune. Ein vil samstundes nytte høve til å sjå nærare på organiseringa av eining for samfunnsutvikling og drift. Det vil i samband med dette kome stillingsutlysingar like over påske. 

Janne Merete Larsen vert konstituert som kommunalsjef for helse og omsorg
Innan helse og omsorg vert einingsleiar Janne Merete Larsen konstituert som kommunalsjef for helse og omsorg frå 01.juni, og i første omgang til 01.september. Seljord kommune startar rett over påske jobben med å rekruttere ny kommunalsjef for helse og omsorg. 

Synd å miste dyktige og erfarne leiarar
Som ordførar meinar eg det er synd at Seljord kommune mistar dyktige og erfarne leiarar, men eg er samstundes glad for at Seljord kommune har rekruttert flinke folk som òg andre kommunar ser er ein ressurs.

Med vennleg helsing

Beate Marie Dahl Eide
Ordførar i Seljord kommune